Suldal kulturskole

Er med for første gang i DUS.

Stykke: Vente på fugl


Ann Elisabeth Skogen skriver om gruppa:

Det er altså ei av dramagruppene i Suldal Kulturskule inne i Ryfylke, som er meldt på. Eg er lærar i kulturskulen, og gruppene varierer frå år til år. Så gruppa som er meldt på DUS, er ny av året. Men fleire har vore elevar i to, tre, fire å førr, mens ei er heilt ny.
Det er ni elevar i gruppa, frå 13 til 18 år. Fem jenter og fire gutar. Eg valde stykke, før gruppa vart sett saman. Og eg valde "Venter på fugl". Det var i grunnen bare det stykket som var aktuelt for meg å bruka med denne gruppa. Eg synes det er mykje tung og litt vel "nær" tematikk i dei andre. Eg ville trengja meir tid enn den ein og ein halveve timen eg har med gruppa i veka, om t.d. sjølvmord skulle vera tema.
Tematikken i "Ventar på fugl" er jo og alvorleg, men passe avstand, og samtidig nært nok til å ha ei forståing for, -gjennom tilsvarande historier frå unge folk som opplevde våren 92 i Sarajevo, og som no bur her på Sand og har delt historiane sine. Gruppa er veldig engasjert av stykket, men tida går fort, og med den begrensa prøvetida me har, må me vera effektive.............
Eg har ei nederlandsk jente, som snakkar litt gebrokkent enno. Ho skal spela Lisa. Denne jenta er òg biledkunstelev i kulturskulen, og skal stå for bakveggen med teikningar, litt av scenografien. Planen er også at ein av elevane, Bård, saman med ein annan musikkelev, skal sørgja for lydkulissene. Elles skal den eldste eleven spela den yngste, Eline 12 år. Hanna er lita av vekst, og likar utfordringa. Storebroren til Eline, Mario, skal spelast av den kjødlege broren til Hanna, som er tretten, Heine. Me håpar å få Bjørn Ravn Carlsen hit om ei veke eller to.........

Her er skodespelarlista:

Bård Drange
Heine Mo Willig
Øystein Wigestrand
Anders Tollaksen Rykke
Malene Våde
Borghild Nerheim
Nicky Jungejeugd
Hanna Mo Willig
Johanne Hagen

Eg har dessverre ikkje bilde av gruppa, men dei fire gutane var med i "Kor vart det av jula" i fjor. Det var eit nyskrive stykke av Rune Belsvik, der han hadde omskrive Fleire Rasmus Lølandstykke til eitt.....


Kontaktinformasjon:
Ann Elisabeth Skogen
91340078
aeskogen@online.no
Suldal Kulturskole er under DUS knyttet til
Rogaland Teater
Suldal kulturskole jobber med
Vente på fugl av Sigmund Løvåsen